Are you sure you want to delete this item? Are you sure you want to delete these 0 items?

Share

Download

Oops! Something went wrong! It doesn't appear to have affected your data. Please notify your system administrator if the problem persists. Access denied
Your session was expired. Page will be reloaded.

Processing...

Your assets are ready. If the download does not start automatically, click Download.

Add assets to album

Bybanekunstvideoer

  • Video av bybanekunst
    video
    Samferdsel
    bybanen
    Kunst
    kultur
    Kunst og kultur
    Utsmykking
    kollektiv
    Bybanekunst
    Sirkelspill av Per Formo. Sirkelspill er ei målerirekke som strekk seg over heile 200 meter frå starten av Dyrhovdtunnelen ved Sandslimarka og vidare mot Kokstad. Kunstverket består av ulike figurar danna av kvartsirkelbuer i åtte fargar. Inne i tunnelen er abstrakte figurar som kan minne om emblem eller skilt, måla på lys blå botn på store fibersementplater skrudde fast til veggen. Dei er presenterte regelmessig, omtrent som i ei utstilling. På veggane ute er det som om figurane er sette fri; dei er måla rett på betongveggen og er leikne, lette og assosiasjonsskapande. Dette er kunst ein kan sjå igjen og igjen, og jamvel oppdaga noko nytt.
  • Video av bybanekunst
    video
    Samferdsel
    bybanen
    Kunst
    kultur
    Kunst og kultur
    Utsmykking
    kollektiv
    Bybanekunst
    Prime av Marius Watz. Watz har sett saman LED-stavar til enkle geometriske figurar. Verket er ein tolking av og leik med dei signal og trafikklys som finst i det offentlege rommet. Utgangspunktet er Andreaskrossen, trafikkskiltet som signaliserer plankryss mellom veg og jernbane. Dei enkelte stavane lyser opp i vekslande intervall, styrt av eit system basert på primtal. Slik blir det eit utal variasjonar av figurane, umoglege å føresjå. Stad: Fageråstunnelen
  • Video av bybanekunst
    video
    Samferdsel
    bybanen
    Kunst
    kultur
    Kunst og kultur
    Utsmykking
    kollektiv
    Bybanekunst
    Kjankaren av Gisle Frøysland. Å «kjanke» er eit gammalt bergensuttrykk; barn som heng seg etter bussen midtvinters og lar seg dra på glatte sko. Frøysland har laga ein elektronisk kjankar. På begge sider av tunnelveggen er store panel med LED-lys. Når Bybanen passerer vil elektroniske sensorar starte ein flokk med lysande «kjankarar» som følgjer vogna innover i tunnelen. Stad: Skjoldtunnelen
  • Video av bybanekunst
    video
    Samferdsel
    bybanen
    Kunst
    kultur
    Kunst og kultur
    Utsmykking
    kollektiv
    Bybanekunst
    Modulære refleksjoner av Anders Sletvold Moe. Modulære refleksjoner er eit veggrelieff i aluminium og syrefast stål. Det er bygd opp av 84 modular. Flatene i modulane har varierande fargar, struktur og glans, og har formmessige koplingar til fasadeplater på Avinor sitt terminalbygg. Samla utgjer dei ein komposisjon på 2,4 x 35 m på den 56 m lange betongveggen. Komposisjonen strekker seg ut i lengderetning for å gje ei oppleving av høg fart. Formene kan minne om eit bylandskap sett frå eit hurtigtog, der former og vinklar blir abstraherte i forbifarten. Verkets relieff og dei reflekterande flatane gjer at kunstverket aldri står fram på eitt og same vis. Det er i stadig endring anten det er den reisande sjølv som flyttar på seg eller refleksjonar blir aktiverte gjennom andre hendingar i omgjevnadane. Stad: Bybanestoppet på Bergen Lufthavn Flesland
  • Video av bybanekunst
    video
    Samferdsel
    bybanen
    Kunst
    kultur
    Kunst og kultur
    Utsmykking
    kollektiv
    1:1000483 av Torunn Skjelland. Den måla frisa ved Mårdalen har tre hovudmotiv; eit kart over Bergen med Bybanen sin trasé (målestokk 1:1000483), ein raud tråd som forlenger traseen, samt nostalgiske reiselivsplakatar frå 1940-50 talet. Visuelle ikon og stereotype framstillingar av Bergen og Norge blir sett saman på ein måte som opnar for mange lag av tolkingar. Verket er måla med silikatmåling rett på betongen. Stad: Mårdalen
  • Bybanekunst - video
    Bybanekunst
    video
    Kunst og kultur
    Samferdsel
    Kultur
    bybanen
    I desember 2015 blei gang-og sykkelvegen langs bybanesporet på Sandsli opna for publikum. Der er og to flunkande nye kunstprosjekt; skulpturprosjektet Olje-Norge av Annette Kierulf og Caroline Kierulf, og måleriprosjektet Sirkelspill av Per Formo ved Olje-Norge av Annette og Caroline Kierulf. Sandslimarka stasjon. Langs ei fjellskjering mellom Sandslivegen og Sandslimarka har Anette og Caroline Kierulf laga seks små skulpturar i brennlakkert aluminium, monterte på skiltstenger. Skulpturane, som har fått namna Dråpen, Flammen, Molekylet, Floken, Apeskrekken og Tangen, har på ulike vis koplingar til det svarte gullet som har brakt oss velstand og framgang, men som og har dilemma og utfordringar knytt til seg. I naboskapen til skulpturane på Sandsli har store oljerelaterte selskap hatt tilhald i ei årrekke. Dei seks skulpturane er ei kjelde til undring og refleksjon for gåande, syklande og reisande langs og med Bybanen. Stad: Fjellskjering mellom Sandslivegen og Sandslimarka
  • Bybanekunst - video
    Samferdsel
    Kultur
    Kunst og kultur
    Bybanekunst
    video
    Adebaran av Maria Sundby. Adebaran er namnet på ei stjerne. Namnet skal tyde «følgjesven», noko som er godt å ha med seg på reisa, også med Bybanen. Dette prosjektet er ikkje er initiert og finansiert av Bybanen sitt kunstprogram, men blir opplevd som del av det pga. sin plassering på stoppestaden. Ved dette høve har kunstprogrammet sin kunstkonsulent gjeve råd om val av kunstnar. Stad: Fantoft
  • Bybanekunst - video
    Kultur
    Kunst og kultur
    Samferdsel
    bybanen
    Bybanekunst
    video
    Puls av HC Gilje. Verket er ei 150 meter lang LED-lysline som bukter seg langs tunnelveggen på begge sider; rød på den eine sida og blå på den andre. Buktene er laga slik at når Bybanen køyrar forbi, opplevast installasjonen som ei bølgjeform. Stad: Paradistunnelen
  • Video av bybanekunst
    video
    Samferdsel
    bybanen
    Kunst
    kultur
    Kunst og kultur
    Utsmykking
    kollektiv
    kanin
    The White Rabbit av Rachel Dagnall & Anita Hillestad. Er du heldig får du eit glimt av den kvite kaninen idet Bybanen passerar Nesttunvatnet. Verket gjev assosiasjonar til barn si fantasiverd, til dømes Alice i Eventyrland. Sett inn i ei vaksen verd, som her, blir kaninen som ein slags trojansk hest med mange tolkingar. The White Rabbit er avvæpnande humoristisk og utfordrande på same tid. Skulpturen er laga av lakkert glasfiber. Stad: Nesttunvannet